Rorbuda si historie:

Buda stod i Fosnavåg fram til 1942. Då vart ho kalla for banken, fordi banken leigde seg inn og hadde rom i 2. etasje. Resten av 2. etasje fungerte som leiligheter. I 1. etasje var det bl.a. fiskemottak, notlager og diverse. Bestefar Sverre Sundnes kjøpte og flytta buda til Leinøya der den står i dag, i 1942. Han hadde båten Fendring som han kjøpte i 1935, og hadde sjølvsagt behov for ei sjøbud. Då buda kom til Leinøya vart ho kalla Fendringbuda. I 1968 vart Fendring solgt, og etter det fungerte sjøbuda meir som eit lager/arbeidsplass. Han hadde også ein fiskreiregistrert sjark så buda var i bruk i forbindelse med fiske også etter Fendring.

Sollen og Jan Sundnes grunnla Herøy Kystcamp i 1993. Dei har skapt ein fin plass med eit koseleg miljø – og har fleire gjestar som kjem att år etter år. No har vi teke over Rorbuda på Herøy Kystcamp, og vil drive vidare det som våre foreldre har bygd opp.

Sollen & Jan