VELKOMMEN TIL RORBUDA

I Herøy finn du mange perler, og ei av dei finn du på Herøy Kystcamp i Leinevika. Rorbuferie her er ei eiga oppleving. Rorbuda er i 2. etasje på ei gamal sjøbud som er restaurert.

Med storhavet og Sunnmørsalpane som nærmaste naboar er Herøy Kystcamp eit glimrande utgangspunkt for friluftsaktivitetar på Sunnmøre. Her har ein alle muligheiter til å fiske i sjøen og vandre i fjellheimen. Ute i havgapet finn du fugleøya Runde. I hekkesesongen, fra april til august, bur og hekker omkring 500 000 fugler på Runde. Runde er det einaste store fuglefjellet i Sør-Norge, og er eit glimrande turmål. Vi håper du finn plassen vår interessant å besøke.

Herøy Kystcamp er ein koseleg stad å vere. Vi tilbyr overnatting på rorbuda, i andre etasje. Bad/wc, kjøkken og stove, koseleg uteplass med møblar. På hovedplan har vi eit maritimt og koseleg opphaldsrom, samt vaskerom og sanitæranlegg.
Det er mogleg å leige båt om du vil ut å prøve fiskelukka. På godvèrsdagar kan du også leige kajakk eller kano. Området byr på ei vakker oppleving for kajakkpadlarar.

Det er heller ikkje langt til fugleøya Runde, eller andre flotte naturområder og fjell som er vel verdt å utforske når du først er i området. Spør oss gjerne om tips til utflukter, vi delar gjerne av våre opplevingar.
Skulle det freiste med innandørsaktivitetar har vi det flotte badeanlegget Sunnmørsbadet eit par-tre kilometer unna.